Kva har vi å tilby andre bedrifter?

Vi vil kunne by på mykje flott innen utsmykning, bedriftsgaver, repressentasjonsgaver og til kunstklubber. Biletet ved sida av er berre ein liten del av lokala våre, her er mykje meir.

Vi har ca 50 forskjellige utstillarar og det gjev eit stort mangfold. Utstillarane kjem i hovedsak frå Nordvestlandet, så her kan de handle lokalt av lokale kunsthandverkarar, såkalla kortreist om ein kan seie det slik.

I tillegg til maleri og foto har vi også kunsthandverk. Mykje forskjellig både i glass, keramikk og tekstil.

UTSMYKNING

Stort utvalg av maleri, foto, collage osv. Billedskaparane er både profesjonelle og amatørar. Vi har etter kvart fått fleire og fleire heiltidskunstnarar til faste utstillarar som f.eks Roy A. Dahl, O. H. Ulstein, S. K. Nygård, Helge Bjørnsen, Inger Giskeødegård, Tove Stavem Reite, Tommy Bredesen, K. Kråkevik, Geir Hansen osv, men har også mange godbitar av amatørar med f.eks lokale motiv.

REPRESENTASJONSGÅVE OG GÅVE TIL  ANSATTE

Her kan du få den unike gåva, lagd i din region, -det lokale, det spesielle. Gåvekort kan også være løysinga f.eks til arbeidstakarar som treng ei ekstra merksend.

KUNSTKLUBBAR

Her kan kunstklubbar finne eit stort utvalg både i todimensjonal og tredimensjonal kunst, også med ein stor variasjon i pris.

HYGGEKVELD/BLÅTUR

Om det er ønskeleg så kan vi ta imot frå ca 5- 9 på ein malekveld. Inspirasjonen heng jo på veggane her. Vi held då maling og utstyr slik at det er muleg for alle å prøve seg som “kunstnar” sjølv om ein ikkje he utstyret. Edith på EogE er då veiledar. Mat og drikke kan også ordnast etter avtale. Ta kontakt så kan vi kanskje bli enig om noko.