KUNSTMALEMIDDEL

Å kunne kjøpe malemiddel der ein er omgitt av eit stort utval av andre maleri i forskjellige teknikkar og utrykk kan vel vare ein god ide? Då får ein også inspirasjon på kjøpet. Velkommen inn.

Vi satsar på kvalitetsprodukt når det gjeld malemiddel. Når ein har prøvd å blande fargar nokre gonger og stort sett enda opp med brun og grå gromsete farger ser ein verdien av å heller betale litt meir for kvar farge og få maling med reine fargepigmenta. Trur nok ein sparer på det  i lengda, med at ein ikkje blandar masse farge som ikkje blir brukt.

AKRYLFARGAR

Innan akrylmaling satsar vi på Amsterdam serien. Vi har heile serien på 70 fargar i 150 ml tubar i Expertserien som er kunstnarkvaliteten til Amsterdam.

Amsterdam Standard er amatør og storforbruksserien. Der har vi et bra utval i 500 ml flasker pluss en del 120 ml tubar. Ekspertserien har noko tjukkare konsistens enn Standarserien og høgare pigmenttetthet.

Nytt produkt fra Amsterdam.

Ny Amsterdam akrylspray gir kunstnerisk frihet med nye muligheter. Vi har tatt inn heile serien på 46 fargar. Kan også brukast på krukker, møblar og lignande. Berre fantasien set ein stoppar. Vi har også tatt inn heile serien med akryltusjar frå Amsterdam. Tusjane og sprayen har samme egenskap og fargenummer som malinga på tuber. Tusjane er å få i 2mm, 4mm og 14mm bredde.

OLJEMALING

Innan oljemaling satsar vi på Van Gogh og Cobra serien. Van Gogh er oljemalinga for nybegynnarar, amatørar og profesjonelle. Har høgt pigmentinnhald og svært god lysektheit.

COBRA- vatnfortynnbar oljemaling. Oljemaling som ikkje inneheld løysemiddel og ikkje luktar. Her har vi både gåvesett, 40 ml tubar og 200 ml tubar. Malinga kan tynnast både md vatn og olje. Brukar ein vatn får ein eit mattare uttrykk. Personleg har eg(Edith) dei siste åra mala mest med akryl, men denne oljemalinga like eg svært godt og det er jo ein stor fordel at ho ikkje har løysemiddel og heller ikkje fyller heile huset med lukt.

LERRET

Vi he eit stort utval i deep edge lerret. Største format er 150 x 120 cm, minst er 10 x 10 cm. Bomullslerret  og linlerret på rull, 150 cm bredde. No også ein del lerret trekt på stødig fururammer ca 1,8mm dybde.

PENSLAR

Vi fører penslar og palettknivar frå Alf Bjercke.

PASTELL

Vi har sett med pastellkritt på lager også ingresblokker og velurblokker. Vi kan bestille enkeltfargar etter behov med rask levering.

AKVARELL.

Det er lite etterspørsel etter akvarellfargar så der har vi sett med tuber eller blokker. Akvarellpapir i forskjellig pris og kvalitet.

TEGNEMATERIELL 

Vi har ein del tegneblokker opp til A2 format og kullstifter, fargeblyantar osv.

HOBBYPRODUKT

Vi har litt utvalg i tekstilfarger, maling/tusjar for glass og keramikk osv. Vi har ikke plass til å ha så mye hobbyartiklar på lager, men kan bestille inn til kundar.

KUNSTBØKER

Vi har et utvalg av inspirasjonshefter og bøker med tips og veiledning om maling.