Edith  held malekurs saman med Aina Nilsen.  Dette er kurs for nybegynnarar som vil prøve seg med akrylmaling på lerret. Vi har ikkje planlagt noko nytt kurs med det første, men ta kontakt på epost edith@eoge.no eller kom innom galleriet. Der har vi ei liste som du kan skrive deg på. Kurset går over 4 kveldar.

Eli held strikkekurs med strikkemaskin og er også selger av strikkemaskiner. Her vil Eli skrive inn mei info snarast.

 

HYGGEKVELD – BLÅTUR – VENNEGJENG – KLUBB

Om det er ønskeleg så kan vi ta imot frå 5 – 8 personar på ein malekveld. Inspirasjonen heng jo på veggane her. Vi held då maling og utstyr slik at det er muleg for alle å prøve seg som “kunstnar” sjølv om ein ikkje he utstyret. Edith på EogE er då veiledar. Mat og drikke kan også ordnast etter avtale. Ta kontakt så kan vi kanskje bli enig om noko.

Det blir ikkje ein kveld med tung male-teknisk teori, men ein hyggekveld der ein «leikar» med farge, form, teknikk og ei hyggeleg samling saman med venar eller arbeidskollega.